Har funne mikroplast i menneske for første gong

Forskarar frå Austerrike har funne spor av mikroplast i avføringa på åtte menneske dei har gjort forsøk på. Det er fordi dei har fått i seg plast gjennom maten dei har ete.

Ingen spørsmål!
Mikroplast frå tannkrem. (Foto: Dantor/Wikipedia/CC BY-SA 3.0)

Då forskarane ved det medisinske universitetet i Wien og det Austerrikske Miljøbyrået sjekka forsøkspersonane fann dei fleire typer plast og mikroplast i avføringa deira.

Dei er ikkje sikre på korleis plasten hamna i magen på menneska enno, men dei trur det kan kome av at dei drikk- og et frå plastflasker og plastbokser som kan innehalde mikroplast. Mikroplast er bittesmå plastbitar som auget ikkje kan sjå.

Ein annan grunn til at menneske kan få i seg plast er gjennom sjømat som fisk og andre artar frå havet. Det er fordi vi ikkje er flinke nok til å resirkulere og fordi vi kastar plast i naturen som dyra får i seg og som vi menneske igjen får i oss når vi et dyra på middagsfatet.

Det viktigaste ein kan gjere for å passe på at dyr og menneske ikkje får i seg plast er å passe på at plast og anna søppel ikkje hamnar i naturen.

Tips for å halde naturen rein: 

  • Pant flasker (eit lurt triks for å få ekstra lommepengar!)
  • Kast alltid søppel på rett plass.
    – Plast skal i plastavfall (den blå posen)
    – Mat skal i restavfall (den grøne posen) 
    – Glas og metall skal leverast på gjenvinningsstasjonen.
  • Plukk med deg søppel og plast du ser når du er ute på tur.