– Når det regnar blir det meir speling

Vi har snakka med Kristoffer (11), Tobias (11), Lukas (11) og Birk (11) om kva dei spelar, kva reglar dei har heime, og om dei brukar pengar på å spele.

Kristoffer Moe Tungesvik (11):

Kva spelar du?

Fortnite!

Spelar du meir om hausten?

Ja, det blir litt meir no. Om sommaren er eg helst ute med vener, men når det regnar blir det meir speling.

Kva reglar har du heime?

Ein time om dagen. Det er ikkje alltid eg brukar heile timen. Eg speler i grunn mest saman med vener, men av og til åleine også.

Kva er nok speling per dag?

Ein eller to timar held for meg.

Kan det bli for mykje?

Ja, av og til. Viss folk sit inne heile dagen blir det for mykje. Eg kjenner ikkje nokon som gjer det, men det er ikkje bra for oss.

Brukar du pengar på å spele?

Har brukt ein gong – til å kjøpe V-bucks, altså pengar, på Fortnite. Og eg har kjøpt Sims-spelet.

LES MEIR: RANDUELLE: – Eg tek gode pausar i gaminga

Tobias Johansen (11)

Kva spelar du?

Fortnite. Det er berre det nett no.  

Spelar du meir om hausten?

Ja, det trur eg. For då er det vått og kaldt ute.

Kva reglar har du heime?

I helgene får eg spele meir, i vekene maks to timar kvar dag. I helgene spelar eg mykje, men eg tek pausar for å gå ut med vener.

Kva er nok speling per dag?

Skulle hatt meir enn det eg har no. Gjerne tre timar på kvardagane.

Kan det bli for mykje?  

Av og til, viss eg får vondt i hovudet må eg slutte. Då er det viktig å ta pause.

Brukar du pengar på å spele?

Ja, ein del. På V-bucks, som er pengar i Fortnite. Eg kjøper ikkje så ofte, men når eg får lov, kjøper eg gjerne tusen. Det kostar 81 kroner på Playstation.

 

Lukas Thör (11)

Kva spelar du?

Simple plains, som er eit utforskarspel der du byggjer ulike fly og båtar. Både hangarskip og kampskip.

Spelar du meir om hausten?

Viss det er fint vér hoppar eg heller på trampoline i hagen, men viss det regnar har eg meir lyst å spele.

Kva reglar har du heime?

Eg spelar maks fire timar på kvardagane. Ikkje meir enn det. I helgene får eg lov å spele litt meir. Men eg må dele PC-en med systra mi, og ho vil berre spele Sims.

Kva er nok speling per dag?

Det er nok med to timar. Viss eg er sjuk spelar eg meir, men då kjenner eg fort det blir kjedeleg.

Kan det bli for mykje?  

Ja. Fire timar er for mykje for meg.

Brukar du pengar på å spele?

Litt. Men eg sjekkar alltid på YouTube om eg likar spelet før eg kjøper det. Eg kjøper ikkje noko berre fordi det ser tøft ut.

 

Birk Phuangkaew Hesjedal (11)

Kva spelar du?

– Før spela eg Minecraft, men no er det helst Fortnite det går i.

Spelar du meir om hausten?

Ja, litt. Når skulen starta er det andre reglar – så då kjenner eg at eg har meir lyst. Fordi eg ikkje får spele så mykje.

Kva reglar har du heime?

1 time til dagen, og litt meir i helgene. Frå eg vaknar til kl. 12 og frå kl. 18 til eg legg meg.  

Kva er nok speling per dag?

12 timar! Neida, tulla! Fire timar er nok.

Kan det bli for mykje?

Ja, det kan det. Viss eg speler mykje angrar eg av og til på at eg ikkje gjekk ut om det er fint vér.  

Brukar du pengar på å spele?

Ja, på V-bucks. Kjøper ikkje heile tida, men når eg gjer det, så brukar eg litt. Sist brukte eg 60 kroner.