Ein tøff fantasyteikneserie

Zita i verdensrommet: Boka er den fyrste i ein serie og handlar om Zita og bestevenen hennar Josef.

Zita og bestevenen hennar Josef er ute og leikar, så finn dei ein mystisk gjenstand som fører dei til verdsrommet. Då startar reisa på eit stort eventyr. Zita får mange nye vener som hjelper henne med vanskelege oppgåver der ute.

Boka er ei fantasyteikneseriebok. Boka har mange teikningar med duse fargar.

I boka kjem lesaren rett inn i handlinga. Eg tykte at boka var morosam. Det var vanskelig å legge ho frå seg, fordi det var  så spanande.

Det beste med boka, var at det handla om ei tøff jente, og at det var mykje fantasy i handlinga.

Eg anbefalar born i tredje til sjette klasse å lese boka. Boka har passe mykje tekst og mange bilete.