Sofia Sanchez (11) hadde to bursdagsønskjer

Nr. 1: Å møte rapstjerna Drake. Nr. 2: Eit nytt hjarte. Sofia ligg nemleg på sjukehus der ho har venta i fleire veker på å få eit nytt hjarte.

Fakta om Drake:
  • Aubrey Drake Graham (født 24. oktober 1986) kallar seg Drake.
  • Han er ein kanadisk artist, rappar, låtskrivar og skodespelar.
  • Drake har jobba med fleire andre hiphop-artistar som Lil Wayne, Young Jeezy, Kanye West, Eminem og Jay-Z.
  • Drake har vunne fleire prisar. To Juno Awards i 2010 for beste nye artist, Rap Recording of the Year, og ein grammy for Best Rap Album.
LES FAKTALUKK FAKTA

Sofia ligg på Lurie Children’s Hospital, som er eit barnesjukehus. Ho er stor fan av rapstjerna Drake, og sendte han ein video der ho ønskja seg besøk. Han skulle nemleg ha konsert i same by som Sofia ligg på sjukehus.

Overrasking

Plutseleg kom Drake inn på rommet hennar.

– Du ba meg komme, så her er eg, sa Drake då han kom inn døra.

Sofia fortel i videoen frå sjukehuset at dei tok selfies, skreiv autografar til kvarandre, og song saman. Den kanadiske rapstjerna var på besøk ei god stund.

Så, då vart eitt ønskje oppfylt.

Men kva med ønskjet om eit nytt hjarte?

Jo, det fekk Sofia også!

Operasjonen gjekk bra, og ho er snart heilt frisk.