No forsvinn hermetikkboksane frå butikkane

Har du lagt merke til at det ikkje er så mange hermetikkboksar i butikkhyllene lenger?

– Vi vil ha vekk hermetikken, for alltid, seier Signe Bunkholt Sæter til Dagbladet.no. Ho er kommunikasjonssjef for bærekraft i Norgesgruppen.

Kartong for miljøet

Norgesgruppen har bestemt seg for at ingen av deira eigne produkt skal selgast i hermetikkboksar etter år 2022.

Dei har nemleg funne at kartong er betre for miljøet enn hermetikkboksane. Dei har sett på korleis emballasjen påverkar miljøet frå dei blir laga til dei vert resirkulert. Då er det kartongen som er best.

Firkanta er best

Dessutan er det betre at emballasjen i kartong er firkanta.

– Når emballasjen går frå å være rund til firkanta, betyr det også mindre luft rundt emballasjen under transport. Det gir endå ein miljøgevinst, seier Bunkholt Sæter til Dagbladet.