Edvard Grieg har laga mange kjende melodiar som du heilt sikkert har høyrt før.
Edvard Grieg (1843-1907) var ein nasjonalromantisk komponist. Grieg kom frå Bergen. Der bygde han huset sitt Troldhaugen. Den dag i dag kan du dra dit og høyre på konsertar frå verka han skreiv.
Nasjonalromantisk-musikk skulle vise den folkelege kulturen. Det er nesten så ein kan sjå føre seg den ville, norske naturen når ein høyrer på musikken til Grieg. Til og med trolla har fått ein stor plass i musikken.
Her kan du høyre nokre av verka han skreiv:
Dovregubbens hall
Morgenstemning
Solveigs sang