Desse må du kvitte deg med

frå 31. mai er ikkje dei gamle 100- og 200-lappane gyldige.

Pengane til høgre skal skiftast ut og erstattast med dei nye som er til venstre på bilete. (Foto: Skjermdump / YouTube / Norges Bank)

Har du desse gamle lappane liggande må du byte dei inn.

Dette kan du gjere enten med å bruke dei i butikken før 31. mai, eller byte dei i ein bank.

Dei gamle lappane har Kristian Birkeland og Kirsten Flagstad som motiv.

Kristian var ein fysikar, forskar og professor

Kirsten var Noregs største operasongar i si tid.

NRK.no skriv at 22. mai var det framleis 9,8 millionar 100-lappar og 8 millionar 200-lappar i omlaup.

Får du ikkje veksle pengane inn før 31. mai kan du lese kva du kan gjere på Norges bank.