Vinnarar i Nysgjerrigper-konkurransen

Aldri før har same skule vunne begge gullprisane i Nysgjerrigper-konkurransen. 3. trinn og 5. trinn på Storevarden skole er Årets Nysgjerrigper'ar 2018.

179 prosjekt var påmeldt på konkurransen, og no er vinnarane klare.

Det var svært fine premiar også. Gullvinnarane fekk 15.000 til kvar klasse, samt 15.000 til skulen. Storevarden skole fekk med andre ord 60.000 kroner til saman.

3. trinn på Storevarden skole fekk gull for prosjektet “Korleis måler ein verdien av eit smil?”.

5. trinn Øst ved Storevarden skole fekk gull i open klasse for prosjektet “Kvifor luktar det så annleis heime hos eldre menneske?”. 

Her er ei oversikt over alle vinnarane, og du kan også lese alle prosjekta.

Nysgjerrigper er ei fin side der ein kan lære mykje nyttig innan naturfag. Absolutt verdt å ta ein kikk.