Denne klassen vann Nysgjerrigper-konkurransen 2021

Klassen tok sigeren for å forska på noko av det som er mest gjenkjenneleg for Bergen – nemleg brustein. No veit dei alt som er å vita om den.

Jublar: Senia (8), Emilia (8), Even (8) jublar for sigeren i Nysgjerrigper-konkurransen 2021. Foto: Privat

–Klassen såg på direktesendingen som kåra topp tre. Me såg at dei løfta opp opp noko veldig tungt, og då tenkte me at det måtte vera oss. Alle jubla då me såg brusteinen, seier Senia (8).

Ho, Emilia (8), Even (8) og resten av 3B på Rolland Skole i Bergen gjekk av med sigeren i årets Nysgjerrigper-konkurranse, etter at dei forska på kvifor det er så mykje brustein i gatene i Bergen. Grunnen til at det var nettopp dette dei gjekk for, var litt tilfeldig.

– Ein gong me var i byen, var det nokon som lurte på kvifor det var så mykje stein på bakken, seier elevane.

Det syntest lærarane deira var eit skikkeleg godt spørsmål. Så godt at dei rett og slett ikkje visste svaret.

– Ikkje bra for alle

– Me har brukt Nysgjerrigper-metoden i klassen før, og alle var enig om at dette var noko me ville finna ut av, seier lærar Vibecke Moldestad.

Og nettopp det har dei gjort. Mellom anna har dei funne ut at brusteinen kan ligga på bakken i 500 år. Den er også god til å føra vatn. Men det er ikkje berre positive ting med stein i gata.

– Brustein kan vera farleg for dei som har dårleg syn og som er i rullestol, seier Emilia.

– Me var veldig positive til brustein, men når me snakka med handicapforbundet fekk me litt andre tankar. Det er ikkje bra for alle, leggjer lærar Vibecke til.

Senia, Emilia og Even nikkar i kor då dei får spørsmål om det freistar å bli med på Nysgjerrigper også neste år.

– Då kan me kanskje forska på korona, seier Even.