Amara (10) vil gjera skip meir miljøvenlege

Amara Aarseth (10) skreiv brev til eit av dei leiande selskapa i verda på smart og miljøvennleg teknologi for skip, og fekk invitasjon til ein stor konferanse.

Eg er her fordi eg har lyst til å finne ein måte vi kan lage motorar endå meir miljøvennlege og effektive, seier Amara som kjem frå Bergen.

Ho lyttar og får med seg det som vert sagt frå scena på Stord. Det går i både engelsk og norsk. I salen sit det nemleg folk frå mange stader i verda – mellom anna Finland, Kina og Italia. Rundt ho sit direktørar, designerar, politikarar og andre som jobbar med skip.

Elskar skip

Bedrifta Wärtsilä lagar ny og miljøvenleg teknologi til skip, og er ei veldig stor bedrift. Det er 18000 menneske som jobbar for dei i heile 80 land.

Amara byrja å tenkje på skip, og spesielt på korleis skipa påverkar miljøet, fordi ho har foreldre som har jobba på skip.

Denne månaden skulle vi velge eit skuleprosjekt om noko vi er spesielt interessert i. Prosjektet måtte ha eit problem, og då tenkte eg på motorar. Problemet er korleis motorar og skip påverkar miljøet, fortel Amara.

Ho har vore på fabrikken som lagar Rolls Royce-dieselmotorar i Bergen, og ho skal vera med ut på ein båt som ligg ute ved plattformene.

Der ligg jo desse stand-by båtane og forureinar havet. Eg skal sjekke kor mykje drivstoff dei brukar, og kva forureining dei slepp ut.

Alle må tenkje

Dette er ikkje noko berre ein person kan løyse. Vi er mange som må tenkje på og finne ut av dette, seier ho.

Amara er bekymra for all forureininga som kjem ut av skipa, både i lufta og i havet.

Ja, vi skal jo puste, og vi skal spise fisken, seier ho.

Så kva kan ein gjere tenkjer du?

Eg har tru på hybridløysingar. Det betyr at ein har elektrisk motor, og dieselmotor som driv skipet saman. Då bruker vi mindre diesel.

Amara fortel at dei som jobbar med å lage skip må skunde seg å finne ut kva som skal til for å hjelpe naturen.

Om to år får ikkje skip lenger bruke tungolje, som er verst for miljøet. Den må enten reinsast eller så må dei må heller bruke diesel og straum. Så no må dei finne ut av korleis dei skal gjere det, seier ho.