Innan 2026 blir det slutt på all eksos i fjordane

3. mai vedtok Stortinget at seinast innan 2026 blir det forbode med eksos frå alle skip som skal segla inn verdsarvfjordar.

Verdsarvfjordar er til dømes Geirangerfjorden (foto) og Nærøyfjorden. Noreg er det første landet som påbyr utsleppsfrie skip.

Dei som lagar miljøvenlege skip håpar dette vil gi dei fleire oppdrag.