
Henrik Haaland Bay (11)
Kva er det beste med våren?
– Å vere ute og leike. Å leite etter firkløver. Eg har faktisk funne ein gong del.
Kva er dine tre beste vårteikn?
– Det må vere at snøen smeltar og det blir lysare ute. Blomane blømer og vi kan ha på oss lettare kle.
Kva er din favorittis om våren?
– Det må vere saftis.
- LES OGSÅ: 1 millionar nordmenn får rennande auge

Lone Margrethe Moen (11)
Kva er det beste med våren?
– Når vi kan byrje å ha lettare klede og lette sko. Våren er liksom starten på noko som kjem.
Kva er dine tre beste vårteikn?
– Graset blir grønare. Sola varmar. Det blir bar asfalt.
Kva er din favorittis om våren?
– Daim-is er min absolutte favoritt.