17. mai: Minst 31 kommunar forbyr sal av heliumballongar

No ber Stortinget regjeringa om å finne ut kva tid vi kan få eit forbod mot heliumballongar i heile landet. Finn du din kommune på lista?

Desse kommunane forbyr heliumballongar:
  • Stavanger
  • Oslo
  • Drammen
  • Færder
  • Hadsel
  • Bømlo
  • Orkdal
  • Nesodden
  • Fredrikstad
  • Halden
  • Moss
  • Råde
  • Hobøl
  • Sarpsborg
  • Porsgrunn
  • Skien
  • Kragerø
  • Risør
  • Arendal
  • Kristiansand
  • Bergen
  • Sandnes
  • Haugesund
  • Namsos
  • Sortland
  • Bodø
  • Tromsø
  • Eidsberg
  • Førde
  • Flora
  • Eid

(Kjelde: NTB og NRK)

LES FAKTALUKK FAKTA

Det er to grunnar til at fleire kommunar ikkje vil at folk skal selge ballongar med heliumgass, skriv NRK.

1: Ballongane ender opp som plastsøppel i naturen.

2: Helium, gassen som er inni ballongane, er ein edelgass som mellom anna vert nytta på sjukehus. Helium i ballongar forsvinn ut i verdsrommet, og difor kan vi ikkje bruke den om att.

Kommunane kan ikkje forby sal på privat eigedom som kioskar eller bensinstasjonar, men om regjeringa seier det vert eit forbod i heile landet, kan ingen selge ballongane.

Heile landet

I går fekk Miljøpartiet De Grønne (MDG) heile Stortinget med seg på å foreslå for regjeringa at sal av heliumballongar bør vera forbode.

– Vi håpar på eit forbod før 17. mai, men det er opp til regjeringa å finne dato, seier stortingsrepresentant Per Espen Stoknes i MDG til NTB.