Kribling og kravling i håret. Det er slik vi gjerne ser for oss hovudlusa. Det er eit problem at lusa dukkar opp, for den er ikkje så enkel å bli kvitt. Den smittar nemleg veldig lett over på andre sitt hår. Men, no vil Folkehelseinstituttet hjelpe oss med dette.
– 1 til 2 prosent av norske barn har hovudlus no, skriv Folkehelseinstituttet på heimesida si.
Har skulen din snakka med foreldra dine om lusa?
Viss ikkje kjem dei kanskje til å gjere det denne veka. Og har du ikkje høyrt noko innan torsdag, kan foreldra dine spørre læraren om dette.
Det er nemleg slik at det gir færre problem med lusa om alle sjekkar seg samstundes.
10-11. mars
– Skular og barnehagar bør be foreldre om å gjere lusesjekken helga 10-11. mars. Og så gi behandling viss det er naudsynt. Heile familien bør bli undersøkt, skriv Folkehelseinstituttet.
Om det viser seg å vera lus, må skulen få beskjed. Og foreldra til venene dine. Folkehelseinstituttet seier alle foreldre bør sjekke håret ditt med lusekam minst ein gong i månaden.