Desse filmane har kinopremiere i februar!

Klar for kino med popcorn og gode vener? Her får du full oversikt over kva kinoar som har premiere denne månaden - for deg under 13 år!

Los Bando

Filmweb
Premiere: 16.02.2018
Aldersgrense: Tillaten for alle
Lengd: 1 t. 33 min.
Sjanger: Komedie
Skodespelarar: Jonas Hoff Oftebro, Tage Hogness, Jakob Dyrud, Tiril Marie Høistad Berger, Nils Ole Oftebro, Frank Kjosås, Ine Jansen, Stig Henrik Hoff, Hans-Erik Dyvik Husby, Vera Vitali.

Om filmen

I denne feelgood-komedien blir vi med bandet Los Bando Immortale på ei fartsfylt reise gjennom landet. Med gassen i bånn og rallysjåfør Martin (Jonas Oftebro) bak rattet må bandet bryte lovar og reglar, trasse foreldre og eigne heltar for å rekkje fram til NM i rock. Drivkrafta er stor, men hindringane kanskje endå større – vil dei kome fram i tide?

 

Premiere: 16.02.2018
Aldersgrense: 6 år (Scenar med slapstick-vald og kraftige effektar gjer at denne filmen får 6-årsgrense)
Lengd: 1 t. 34 min.
Sjanger: Animasjon / Eventyr / Komedie
Norske stemmer: Christoffer Staib, Anders Bye, Siri Nilsen, Marion Ravn, Ina Svenningsdal, Malim Pettersen, Christian Ingebrigtsen

Om filmen

Petter Kanin prøver stadig å snike seg inn i hagen til Herr Gregersen for å stele grønsaker. Det finnast ingen grenser for triks han bruker for å lure den gretne bonden. Men når garden får ein ny eigar, den mykje yngre slektningen Thomas McGregor, får Petter ein langt meir formidabel motstandar. Med hjelp frå slektningane sine, Benjamin, Dunhale, Vipsen og Vimsen, må Petter Kanin pønske ut nye planar for å kome seg inn i grønsaksenga.

The Post

Filmweb
Premiere: 16.02.2018
Aldersgrense: 12 år (Krigsskildringar gjer at denne filmen får 12-årsgrense)
Lengd: 1 t. 56 min.
Sjanger: Biografi / Drama / Thriller
Skodespelarar: Meryl Streep, Tom Hanks, Alison Brie, Carrie Coon, David Cross, Bruce Greenwood, Tracy Letts, Bob Odenkirk, Sarah Paulson, Jesse Plemons, Matthew Rhys, Michael Stuhlbarg, Bradley Whitford, Zach Woods.

Om filmen

Eit intenst drama om den fyrste kvinnelege eigar og utgjevar av avisa The Washington Post i 1971. Filmen skildrar avisa som avslørte korleis den amerikanske regjeringa førte verda og det amerikanske folket bak lyset då dei blanda seg inn i krigen i Vietnam. Journalistane vert truga frå politisk hald, og risikerte både jobb og fengselsstraff for å fortelje røyndomen.

Ut av intet

Filmweb
Premiere: 16.02.2018
Aldersgrense: 12 år (Filmen inneheld fleire sterke kjensleutbrot og skildring av eit sjølvmordsforsøk)
Lengd: 1 t. 46 min.
Sjanger: Drama / Thriller
Skodespelarar: Diane Kruger, Denis Moschitto, Johannes Krisch, Samia Chancrin, Numan Acar, Ulrich Tukur, Rafael Santana, Hanna Hilsdorf, Ulrich Friedrich Brandho, Hartmut Loth, Ioannis Economides, Karin Neuhauser, Uwe Rohde, Asim Demirel, Aysel Iscan

Om filmen

Ei bombe eksploderer utanfor ein kurdisk butikk i Hamburg og Katjas liv blir brått snudd på hovudet. Mannen hennar Nuri, og sonen Rocco blir drepen. Familie og vener prøver å hjelpe, men Katjas tankar kverner rundt. Ho vil finne dei skuldige og ho vil finne ut kva som ligg bak eit slikt meiningslaust angrep. I ein tilstand av bunnlaus sorg og total desperasjon vil ho ha rettferd – koste kva det koste vil.

Norske byggeklosser

Filmweb
Premiere: 21.02.2018
Aldersgrense: 12 år (Denne komedien inneheld enkelte seksuelle skildringar som gjer at den får 12-årsgrense)
Lengd: 1 t. 39 min.
Sjanger: Komedie
Skodespelarar: Atle Antonsen, Anders Baasmo Christiansen, Ine Jansen, Anne Marit Jacobsen

Om filmen

Ein komedie om kva som skjer når drøymen om eigen bolig blir eit overveldande kaos. Merete og Jens (Ine Jansen og Anders Baasmo Christiansen), eit par i tredveåra, har endeleg hellet med seg når dei heilt uventa arvar eit hus. No har dei sjansen til å få det dei drøymer om: Eit hus med hage før dei får barn. Dei må nok pusse opp litt, men kor vanskeleg kan det vera, liksom?

Every Day

Premiere: 23.02.2018
Aldersgrense: Tillaten for alle
Lengd: 1 t. 37 min.
Sjanger: Drama / Romantikk
Skodespelarar: Maria Bello, Angourie Rice, Debby Ryan

Om filmen

Ein sjenert tenåring fell for ein person som vert forvandla til ein ny person kvar dag.