Vårt nasjonalmåleri

I 2016 blei Brudeferd i Hardanger kåra til Noregs nasjonalmåleri.

Det var Samlerhuset som kåra vinnaren. Måleriet fekk 46% av stemmene.

Oljemåleriet frå 1848 er utstilt på nasjonalgalleriet i Oslo, og er måla av Adolph Tidemand og Hans Fredrik Gude.

Tidemand måla figurane og Gude måla landskapet. Det var rett og slett eit samarbeidsprosjekt.

For å klare å hugse kven som måla kva, kan ein tenkje at TideMAND måla MENN, og GUDe måla skaparverket.

Måleriet er frå nasjonalromantikken, der det var viktig å få fram det som var typisk norsk, og som ein var stolt over. I måleriet ser ein fjorden, fjella, stavkyrkja og folkedrakter.

Oljemåleriet viser eit brudefølgje som er kledd opp i folkedrakter. Bruda har ei brudekrone.

Les fleire artiklar i nasjonal-serien vår her:

VÅR NASJONALRETT

VÅRT NASJONALINSTRUMENT

VÅR NASJONALBLOME