Vår nasjonalfugl

Fossekallen er Noregs nasjonalfugl.

I 1963 blei Fossekallen kåra til å vere Noregs nasjonalfugl.

Det offisielle artsnamnet på norsk er Fossekall, men både Elvekonge og Vannstær kan brukast.

Fjøra er brunsvart, med eit kvitt felt på hals og bryst. Fuglen trivst over det meste av landet, året rundt.

Hannen blir noko større enn hoa. Fossekallen blir omkring 17-20 cm. Hannen veg ca 53-76 gram, og hoa veg mellom 46-72 gram.

Fossekallen trivst ved klart, rennande ferskvatn, men dei er også å finne ved stilleståande vatn.

Dei hekkar i steinete klipper, eller under burer og liknande. Reiret er bygd som ei hytte, med inngong frå sida eller under. Det er bygd av mose, lauv og strå. I april-juni legg hoa fire-fem kvite egg.

Fuglane lev av vassinsekt, larvar, krepsdyr, småfisk og sniglar.

(Kjelde: Wikipedia)