Isfestival i byen Harbin i Kina

I Harbin har dei ein stor festival med nokre av verdas største isskulpturar.

Journalist Ragnhild S. Selstø. (Foto: Charlotte Selstø)

Journalist, Ragnhild Sofie Selstø, var på festivalen i fjor. Sjå bileta frå festivalområdet.

Nokre av bygningane er enorme, og med fantastisk belysning ser det ut som ein  eventyrby. I nokre av husa som var av is kunne Ragnhild gå inn og kike.

– Då eg entra området var eg heilt fullstendig mållaus. Eg hadde ikkje forventa at det var så svært og spektakulært, seier Ragnhild. – Det fyrste eg sa då eg gjekk inn i landsbyen var WOW!

Det var iskaldt, noko det må vere på ein festival, der alt er laga av is.

– Det var ca minus 24 grader, med vind frå Sibir, så det var ganske kaldt. Eg mista faktisk kjensla i både tærne og nasen. Søstra mi og eg gjekk rundt med to par vottar på hendene og klappa for å halde varmen. 

Isfestival i byen Harbin i Kina. Foto: Ragnhild Sofie Selstø
Isfestival i byen Harbin i Kina. Foto: Ragnhild Sofie Selstø
Isfestival i byen Harbin i Kina. Foto: Ragnhild Sofie Selstø