Året som gjekk

Mykje har skjedd i løpet av året. Her er nokre av toppsakene.

20. januar blei USA sin 45. president innsatt. Han heiter Donald Trump.

29. mars leverte Storbritania brevet om si utmelding frå EU. Vi kallar det Brexit.

22. mai var det terrorangrep i Manchester Arena under ein Ariana Grande konsert.

Ungdomsseria SKAM hadde siste sending i år. Sana heitte SKAM sin siste rollefigur.

Superstjernene Marcus og Martinus hadde premiere på filmen «Sammen om drømmen» i år.

  1. september var det stortingsval. Erna Solberg fekk fortsette som statsminister.
Oselie. FOTO: SVEIN NESBAKK

Kygo er årets mest spelte norske artist. Kygo heiter eigentleg Kyrre Gørvell-Dahll og kjem frå Fana i Bergen.

Oselie vann MGPjr med låta «Verda vår» som handla om å ta vare på flyktningane våre.

Lilletrøm vann cupfinalen over Sarpsborg. Stillinga vart 3-2.

Maria Parr fekk Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok i år for boka «Keeperen og havet».