Hanmusa syng musevise for homusa

Hanmusa syng for damene, men om det er sjølve Musevisa han syng veit vi ikkje, men songen kan minne om fuglesong.

Amerikanske forskarar har funne ut at hanmusa syng for å imponere homusa. Songen er ultrasonisk, som vil seie at det er så lyst at menneske ikkje kan høyre det.

Hanmusa syng for å lokke til seg damene. Forskarane fann ut at når hanmusa luktar urin frå ei homus som ikkje er i nærleiken, startar han å synge ein flott kjæleikssong for å få homusa til å kome bort til seg. Kjem ho bort til han blir songen enklare og ikkje fullt så flott som i starten.

Kven veit? Kanskje er det Musevisa han syng for for å imponere?

Saka var publisert på Nysgjerrigper.no