HANNE KROGH FORTEL: Historia om tivolipremien

Hanne Krogh fortel om ein heilt spesiell tur til tivoliet. Ho var ni år, og fekk oppleve noko dei færraste gjer.

– Eg fekk gå på tivoli åleine då eg var 9 år. Eg hadde med meg ei krone, og tenke eg ville trekke eit lodd i bøtta. Det kosta halve krona for eitt lodd, og eg gravde langt ned før å finne det rette loddet. Så vann eg! Eg kunne velge mellom 5 kilo kaffi og ein stor teddybjørn. Eg klarte ikkje å velge, for eg visste mamma trong den kaffien. Og eg hadde så inderleg lyst på bjørnen. Eg spurte om å få tenkje på det ei stund, og gjekk rundt i to timar. Eg sprang heim til mamma som sa eg måtte ta bjørnen. Men eg klarte ikkje å la vera å tenka på den kaffien. På veg attende til tivoliet kom eg på at eg hadde ei halv krone att, så eg bestemte meg for å kjøpe lodd for den også. Eg gravde langt ned i bøtta, og opna loddet. Det var også eit vinnarlodd! SÅ, den som kom heim med ein teddybjørn under eine armen, og 5 kilo kaffi under den andre – det var eg!

Les også:

Korleis var det å bli ei av Noregs største songstjerner utan MGPjr, Idol eller Norske Talenter? Les historia om HANNE KROGH her!