Guro (11) fekk forandra Marcus og Martinus sin video

Guro snakka på TEDx om at jenter ikkje skal vera til pynt medan gutane får leike og vera aktive. No er ho omtalt i New York Times.

Kva er TED?
  • TED er ein årleg, amerikansk konferanse som vart arrangert for fyrste gong i 1984.
  • TED har som mål å spreie idear ved hjelp av føredrag innan forsking, kunst, utdanning, design, politikk, kultur, forretningsverksemd og underhaldning.
  • TED x er føredrag som kjem frå andre stader i verda enn frå USA.
LES FAKTALUKK FAKTA

Det byrja med Mikke og Minni Mus. Då Guro Heggholmen var fem år, spurte ho faren om kvifor det alltid var Mikke som køyrer bilen, skriv Bergens Tidende. Som 9-åring skreiv ho sitt fyrste lesarbrev om utstillingsdokker. Ho hadde lagt merke til at jentedokkene poserte for å sjå fine ut, medan gutedokkene dansa breakdance. No er ho 11 år – og i sommar fekk ho endra videoen til Marcus & Martinus-låten «Like it, like it».

– Eg vil at ting skal vera rettferdig, seier Guro.

#ikketilpynt

Då Guro såg musikkvideoen fyrste gong, reagerte ho på at jenter og gutar vart vist fram på ulikt vis. Ho meinte at jentene var passive i bikini, medan gutane skata og hoppa. Ho sendte fyrst eit videoinnlegg til BTjunior om dette, og med hjelp fra foreldra laga ho kampanjen #ikketilpynt på sosiale medier.

Plateselskapet Sony ville fyrst ikkje gjera noko med videoen, men den vart til slutt endra. Dette snappa TEDx opp og inviterte ho altså til å snakke på scena i Arendal.

– At eg fekk endra den videoen, er min største siger så langt, seier sjetteklassingen.

Snakka på engelsk

I september haldt ho TEDx-foredraget ho øvde på i heile sommar. 12 minutt på engelsk med 700 menneske i salen. 12.500 har så langt sett videoen på Youtube.

Ho fortel at ho var litt nervøs i starten.

– Men mest av alt var det gøy, seier 11-åringen.

Intervjua av New York Times

TED-talks er stort i Amerika, og TEDx Talks, foredrag som er spela inn utanfor USA, er i ferd med å bli populært her i Noreg. Det var nok foredraget i Arendal som gjorde at New York Times la merke til jenta frå Askøy.

Sist veke vart det publisert ein heil artikkel om Guro og hennar kamp for meir likestilling. Det var Askøyværingen som fyrst meldte dette.