Noreg får sitt første elfly til sommaren

Flyet – Alpha Electro G2 – er bestilt frå flyfabrikken Pipistrel i Slovenia. Det skal brukast for å visa at det går an å fly utan å forureina. Elflyet har ei rekkevidde på om lag 130 kilometer og kan vere i lufta rundt éin time per lading.