Det er tre bibliotek som er nominert. Det er Gulskogen Skulebibliotek i Drammen, Stormen bibliotek i Bodø og Biblo Tøyen i Oslo.
For å sjå bilete må du bla i galleriet ovanfor.
Meir enn eit bibliotek
Biblo Tøyen er eit barnebibliotek som ikkje er som alle andre bibliotek. Aldersgrensa her er frå 10 – 15 år. Ingen under, og ingen over den grensa får kome inn. Dei einaste vaksne er dei som jobbar på biblioteket.
– Her er det ingen tvang, men vi prøver å freiste med det vi har å tilby. Barna får oppdage, erfare og gjere ting i samspel med andre. Det er viktig for oss, seier Reinert Mithassel, som er dagleg leiar for Biblo Tøyen.
Reinert fortel at det kjem vaksne innom, men dei blir alltid stoppa i døra.
– Det synest alle er greit. Det blir ein eksklusivitet for barna å vere her inne, seier han.
Skal vinne Grammy
Her er eit hav av bøker å lese, men det er også tilbod om leksehjelp, matkurs og dataspel som barna får bruke. Barna kan slappe av og vere kreative i eit stort rom som innbyr til alt frå leik og moro til lesing og sosiale aktivitetar. Reinert fortel at målet med Biblo Tøyen er å vere eit univers som til stadig byr på overraskingar.
Ein som har vore her mykje er Abdullani Mandi Hussein. Han trivst godt på biblioteket.
– Eg får vere på ein stad der eg får kose meg inne i varmen. Eg slepp å vere ute å henge.
Adullani brukar dei fleste tilboda dei har, mellom anna ein tekst-lab, som dei har ein gong kvar veke. Her skriv dei tekstar og jobbar saman i grupper.
– Mitt mål er å bli rappar og vinne Grammy. Og det får eg øve meg på her, seier han.