No skal mjølka fraktast med kupromp

Denne veka kom det mjølkebilar med drivstoff laga av kumøkk. Så, no er både det som er inni tanken, og inni motoren, frå kua.

– Du får mat på bilen og energi til bilen frå same kjelde, seier direktør for kommunikasjon og samfunnsansvar i Tine, Lars Galtung til NRK.

Han fortel at Tine har planar om at rundt 100 mjølkebilar skal gå på biogass, som er drivstoff laga av kumøkk og gammal mat.

Møkk på rundtur

Slik ser dei splitter nye melkebilane ut. FOTO: Tine

Drivstoffet til mjølkebilene kjem frå Greve biogass like ved Tønsberg. I fire år har dei produsert biogass laga av matavfall og kumøkk.

– I den magiske fabrikken har me nytta kubakterier, for det er bakteriekulturen som er bra i biogass. Difor får me god effekt når blandinga består av 60 prosent møkk, og 40 prosent matavfall, seier administrerande direktør Andreas Gillund i Greve biogass.

Han seier at 30 prosent av kumøkka frå Vestfold skal nyttast som biogass.

– Me har no 22 millioner tonn, og skal vekse vidare, sier Gillund.

I denne episoden av Newton kan du lære meir om kva biogass er!