Jani Turunen, som er forskar, har stilt 807 skilsmissebarn spørsmål om kor ofte dei kjenner seg stressa. Barna var mellom 10 og 18 år gamle.
Treng tid
– Å bu saman med begge foreldra betyr ikkje meir stress for barna. Dei treng berre tid til å venne seg til å bu saman på ein annan måte, og det er viktig at barna får ha god kontakt med begge foreldra, seier Jani Turunen til Forskning.no. Ho er forskar ved Senter for forskning på barn og unges mentale helse ved Karlstad Universitet.