YouTube-skulen: Her er Randulle sine beste tips

Korleis kan DU bli Noregs nye FIFA-konge eller dronning?

Tre ting du ikkje bør gjera:
  • Ikkje ver for drøy. Skal du lykkes på eit høgt nivå, er det ikkje lurt å vera så drøy som mogeleg.
  • Manglar du ein plan for det du vil leggje ut, har du tapt. Du MÅ ha ein plan. Gir du dei som ser på noko dei ikkje vil ha, fell dei bort ganske så kjapt.
  • Ikkje be folk følge kanalen din i andre sine kommentarfelt. Det er viktig å vera likt av andre YouTubere, og om du nyttar deira kommentarfelt til reklame for din kanal, får du fort mange uvener.
LES FAKTALUKK FAKTA

Sander (19) ser ikkje på seg sjølv som ein av verdas aller beste i FIFA, men meiner han er god på å lage show på banen.

– Eg er ikkje den som trivst i forsvar. Min styrke er dribling og finter. Det er gøy for meg, og for alle som ser på. Eg vil heller vinne ein kamp 1-0 med eit glimrande mål, enn 3-0 med tre keisame mål.

HER KAN DU LESE MEIR OM SANDER OG KORLEIS DET ER Å VERA YOUTUBE-STJERNE

Her er hans beste tips til å lukkast på YouTube:

1: Ver deg sjølv pluss litt ekstra. By gjerne på litt meir energi i videoane.

2: Tenk ut eit tema som ikkje er oppdaga på YouTube. Det er mange som satsar på dette, så det gjeld å skille seg ut. For meg vart det FIFA og mykje arbeid med videoane. Ein god blanding av slump og hardt arbeid!

3: Daglege nye videoar! Folk ventar på meir frå deg – og om du har ein million abonnentar, har du ein million som ventar på at det kjem ein video kvar dag.

4: Sett ditt eige preg på redigeringa. Før fokuserte folk meir på spelinga, no er det få som er interessert i berre det. Med god redigering er det lettare å få folk til å sjå på kanalen.

5: Mange søker kontakt med personar dei ser på – kanskje fordi dei ikkje har så mange å støtte seg på i sitt verkelege liv. Sett av tid til å svare dei, og lik kommentarar du får!

6: Bruk tid! Alle kan opprette ein kanal, men det er mange timar som ligg bak gode videoar. Det er det same med trening. Du vert ikkje godt trent på ein dag, du må gønne på heile vegen.

7: Ver snill og god. Du veit aldri kven du møter på seinare i livet. Ein du har vore kjip mot då du var yngre, kan ende opp med å bli sjefen din. Verda er liten!

8: Ha god sjølvtillit! Eg er snill, men også trygg på meg sjølv. Om du ikkje har tru på deg sjølv, er det ingen andre som kjem til å ha det.

LYST Å LESE BOKA OM RANDULLE? HER FINN DU OMTALE AV BOKA