– Dinosaurar feis verda varm

Enorme mengder metan frå dinosaur-magar skapte varmare klima, hevdar forskarar.

Forskarar har rekna ut at dinosaurar kan ha slept ut nok metan i atmosfæren til å varma opp planeten for over 150 millionar år sidan, i løpet av den varme, våte mesozoikum-perioden.

Dei gigantiske, langhalsa sauropodane er dei største landdyra som nokon gong har levd. På det meste kunne dei vera 40 meter lange. Og akkurat som store kyr, fordøydde dei maten med hjelp av metan-produserande mikrobar.

– Våre utrekningar tyder på at desse dinosaurane kunne ha produsert meir metan enn alle moderne kjelder – både naturlege og menneskeskapte – sett saman, uttalar forskar Dave Wilkinson frå Liverpool John Moores University, ifølgje Reuters.

Metan er ein kraftig drivhusgass, og har 25 gonger så stor effekt på klimaet som utslepp av karbondioksid.