– Vi vil få andre til å bli glad i nynorsk

Med stor entusiasme for det nynorske språk har 12 ungdomar presentert forteljinga om eventyrsamlarane Asbjørnsen og Moe i Nynorskens Hus.

– Det er så kjekt å prate nynorsk, for det er ein så viktig del av den norske arven. Eg er glad vi kan få vist fram meir nynorsk til andre ungdommar her i Oslo, der så få har det på skulen, fortel Sebastian Sørlie (13) som spelar Berthe Tuppenhaug.

Både Sebastian og dei andre i teatergruppa er stolte når dei fortel korleis dei øver seg på nynorsken, trass i at alle pratar Oslo-dialekt til vanleg.

– Nokre gonger er det vanskeleg å seie alle orda rett, men det som er bra er at instruktørane våre let oss gjere litt om på orda og gjere det til vår eigen versjon av nynorsk, vi får gjere det på vår eigen måte, smiler Melina Karantonis (12), som spelar Asbjørnsen.

Asbjørnsen (Aksel Ørnes), Moe (Melina Karantonis) og Berthe Tuppenhaug (Sebastian Sørlie) sjekkar ut scena før publikum kjem. Foto: Kathrine Nygård.

Alle få vere seg sjølve

Teatergruppa er ein del av «Den Mangfaldige Scenen» som har som fokus å representere alle i heile Noreg gjennom teaterstykka sine. Skodespelarane har eit viktig bodskap å dele.

– Her kan alle få vere seg sjølve og vere både rar, kul og teit, hvis ein har lyst til det. Det beste med å spele teater her er at eg kan vere heilt meg sjølv, fortel Sebastian.

For i dette teaterstykket er det plass til alle. Sebastian spelar ei rolle som dame, medan Melina for fyrste gong spelar ein mann. Begge synest det er bra.

Sebastian som Berthe Tuppenhaug. Foto: Terje Svindseth.

Kult å spele eit anna kjønn

Begge er nesten ugjennkjennelege med all teatersminka på.

– Det er kult at vi kan få spele eit anna kjønn og å bli sminka heilt annleis enn den vi er til vanleg, flirar Melina, som for anledninga sit fullsminka med Asbjørnsen-kostymet sitt, klar for å gå på scena om berre ein halvtime.

Asbjørnsen følgjer nøye med når Moe får på seg sminka. Foto: Kathrine Nygård.

Elskar nynorsk

– Før eg fekk rolla som Asbjørnsen likte eg ikkje nynorsk i det heile teke. Eg hadde det ikkje på skulen og synest det var vanskeleg, men så kom eg hit og fekk øve meg. Etter å ha øvd masse på replikkar og blitt vant til å prate slik elskar eg det, fortel Melina.

Sebastian meiner det er viktig å vise fram nynorsk til andre ungdomar.

– Nynorsk er ein viktig del av det norske og no for tida føler eg nynorsken forsvinn meir og meir, då er det viktig at vi spelar teater på nynorsk og får fleire unge til å få augene opp for det, avsluttar Sebastian.