I hundre år har badetemperaturen i Flødevigen like ved Arendal blitt målt. Den førre rekorden frå 1992 var på 17,5 grader i mai. No er den 26 år gamle rekorden slått.
– Torsdag vart det målt 19,6 grader i sjøen her. Det er heilt eksepsjonelt i mai, fortel havforskar ved Havforskningsinstituttet, Jon Albretsen til NRK.
Varmt i Etne
Onsdag vart det målt heile 32,7 grader i lufta i Etne kommune i Hordaland. Det vart ny noregsrekord for temperatur i mai.