(4 porsjonar)
Yoghurtis er kjempegodt. Her har vi brukt tomme yoghurtbeger til å fylle yoghurten i, men du kan også bruke små plastkoppar eller andre former. Kva smak på yoghurten du vil ha, og kva type frukt og bær du vel, kan du variere. Bruk det du likar best. Det tek ikkje så lang tid å lage desse, men dei bør liggje i frysaren i cirka 2 timar for å bli til is. Lagar du mange, kan du oppbevare dei i ein lufttett boks i frysaren.
Du treng:
- 4 tomme yoghurtbegre
- 1 handfull bringebær
- 1 handfull blåbær
- 1 beger gresk yoghurt med vaniljesmak
- 4 ispinnar
Slik gjer du:
- Finn fram tomme yoghurtbeger. Fordel bæra i formene. Fordel yoghurten. Viss du dunkar begrene forsiktig ned i benken, så vil yoghurten skli meir ned mellom bæra. Pass på, det kan sprute litt!
- Sett ispinnar ned i yoghurtbegera. Her kan du velje om du vil røre litt rundt (då blir bæra fordelt rundt i yoghurten), eller om du vil at bæra skal liggje i botnen.
- Sett yoghurtbegera inn i frysaren i cirka 2 timar, eller la dei stå til neste morgon.
Hugs å vaske opp og rydde etter deg når du er ferdig!