Drep fuglar
– Kvar gong vi gjer denne undersøkinga ser vi litt fleire artar som er truga, seier Tris Allinson i BirdLife International til den britiske avisa The Guardian.
Fagfolka meiner til dømes at italienerane ulovleg tek livet av 5,6 millionar fuglar kvart år. Særleg traner, gribbar og albatrossar står i fare.
Treng hjelp
Fagfolka kjem med fleire forslag til kva politikarane kan gjere for å redde fuglane:
- Plante tre
- Få kontroll på framande artar
- Sørgje for at sjøfugl ikkje blir fanga i fiskegarn
- Endre politikken slik at folk får økonomisk hjelp. Då vil færre kjenne seg tvungen til å øydeleggje områda fuglane treng for å leve.
Eit forsøk i Storbritannia har vist at det nyttar å hjelpe fuglane. Når bonden plantar blomar på åkeren, og ikkje klypper ned buskar, tre og gras rundt gården, kjem fuglane tilbake til gården.
Kva kan du gjere for å hjelpe fuglar der du bur?
Bygg ein fuglekasse! Følg denne lenka for å sjå korleis du kan bygge din eigen fuglekasse!