Dette er nokre av årets mest populære Halloween-kostyme

Årleg dukkar det opp lister over kva som er dei mest populære halloween-kostyma. Dette er nokre av kostyma vi kan vente å sjå mange av i år.

Listene over populære halloween-kostyme er laga ut frå ulike tal på kva kostyme folk har søkt på på internett. Nokre ser på det totale talet på søk, medan andre lister ser på kor mykje meir populært eit søk er samanlikna med tidlegare år.

Denne lista tek utgangspunkt i forskjellige kjelder, og kostyma er oppramsa i tilfeldig rekkjefølgje.

Spiderman

Spiderman-kostyme ser ut til å vere spesielt populært i år, og mange kjem kanskje til å sjå ut som den spretne superhelten frå Marvel-universet.

Foto: Pexels

Batman

Superhelten Batman kjem frå eit anna univers enn Spiderman – frå DC Comics-universet –  men er også eit populært kostymeval i år.

Foto: Pexels

Dolly Parton

Tidlegare i år gjekk den populære countryartisten Dolly Parton bort. Det er kanskje derfor ikkje så rart at mange vil kle seg ut som ho.

Foto: Kristopher Harris, CC BY 2.0, via Wikimedia Commons

Minions

Dei artige, små og gule figurane er framleis eit populært kostymeval, sjølv om første filmen om dei (Grusomme meg) kom ut for 16 år sidan.

Foto: Leo_Visions / Unsplash

Super Mario

Mange ser ut til å ville kle seg ut som den italienske røyrleggjaren Super Mario frå speluniverset med same namn.

Foto: Pexels

Prinsesse Rosalina

Eit anna populært kostyme frå Super Mario-universet er prinsesse Rosalina. Ho er ein mektig spelfigur som bur ute i verdsrommet.

Foto: Pexels

Wednesday Addams

Wednesday Addams er ein karakter som blei veldig populær då TV-serien Wednesday kom ut i 2022 – og ho ser framleis ut til å vere populær på kostymefronten.

Foto: Pexels

Bullseye

Denne guten har kledd seg ut som Toy Story-karakteren Woody, men i år ser det ut til å vere ekstra populært å kle seg ut som Woody sin hest Bullseye.

Foto: Pexels

Minecraft

Minecraft er eit av verdas mest populære dataspel. Det er kanskje ikkje så rart at mange vil kle seg ut som karakterar og gjenstandar frå spelet.

Foto: Jose Rueda / Unsplash

Squishy

Squishies er ikkje berre populære fikleleiker. I år ser det nemleg ut som at mange har lyst til å kle seg ut som ein squishy, og då meir spesifikt squishies av merket Needoh.

Foto: Pexels

Ash Ketchum

Ash Ketchum er den kjende pokémon-trenaren frå Pokémon-universet. I år kan det fort vere mange pokémontrenarar ute i haustmørket.

Gage Skidmore from Peoria, AZ, United States of America, CC BY-SA 2.0, via Wikimedia Commons

Kjelder: forbes.com og frightgeist.withgoogle.com