I bokhylla: Ola (11) elskar fakta – Gjendine (11) vil inn i fantasiverda

Ola Prestjordet likar å lære om historie og korleis verda fungerer. Gjendine vil helst lese gøyale historiar om dyr og magiske verder.

Ola Prestjordet og Gjendine Morken Bøje går begge på femte trinn ved Skjåk barne- og ungdomsskule.

Dei har ganske forskjellige meiningar om kva som er artig å lese. Men dei er einige om ein ting: Det er fint å ha ei god bok å kose seg med!

Ola vil lære noko nytt

– Eg les eigentleg berre faktabøker og bøker med mykje kunnskap, fortel Ola.

Han er spesielt interessert i historie, og aller best likar han lokalhistorie – altså historia om staden der han bur.

Nyleg las han Skjåk bygdebok 1 og 2, som fortel historia til heimbygda hans.

– Det er artig å lære om plassen eg har vakse opp på, derfor er nok Skjåk bygdebok 2 mi favorittbok.

Neste gong han skal til bestemor, har han planar om å låne bygdebøkene for nabobygda Lom.

Ola Prestjordet held mellom anna på med boka Topp fakta: Energi. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Men sjølv om det går mest i faktabøker, les Ola ein anna type bok akkurat no. Nemleg ei av bøkene i krimserien Detektivbyrå nr. 2.

– Eg har lese nesten alle bøkene i serien og synest faktisk dei er spennande, sjølv om det ikkje er fakta, seier Ola.

Gjendine drøymer seg bort

Gjendine likar best bøker med fantasi og spenning. Sidan ho er så glad i dyr, er ho spesielt glad i historier der dyr, og aller helst hestar, spelar ei viktig rolle.

– Når eg les ei bok eg synest er spennande, kan eg drøyme meg litt bort i det boka handlar om, seier ho.

Akkurat no les Gjendine Kjære pølsa: gi meg et kjæledyr. Boka handlar om ei gøyal jente som finn på mykje sprell.

– Det er ei veldig gøy bok, smiler Gjendine.

Gjendine Morken Bøje les boka Kjære pølsa: Gi meg et kjæledyr akkurat no. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Men det er nokre andre bøker som står aller høgast på favorittlista hennar: Harry Potter-bøkene.

– Eg har høyrt alle bøkene på lydbok kanskje to-tre gongar. Pappa har lese fleire av dei høgt for meg. No les vi den femte boka. Eg blir aldri lei Harry Potter, seier Gjendine.

Ho likar at det stadig skjer noko nytt i bøkene, i tillegg til at det er litt humor innimellom.

Best å lese før leggetid

Skjåk bygdebok 2 er favorittboka til Ola. I denne boka er det mykje liten skrift, men også litt bilde. Bokomslag: Skjermdump frå Nasjonalbiblioteket

Sjølv om Ola og Gjendine likar ulike bøker, er dei samde om at det er best å lese når dei skal slappe av i senga før dei sovnar.

– Når eg les faktabøker på senga, får eg tid til å tenkje på ting rundt det eg les. Det er ikkje like lett å konsentrere seg på skulen, seier Ola.

Gjendine fortel at det å lese på senga faktisk kan vere eit triks.

– Det er lurt å lese på senga, for til slutt blir eg så trøytt i augo at det blir lettare å sovne, seier ho.

Ho peiker på at om boka er veldig spennande, kan det rett nok vere veldig vanskeleg å leggje ho frå seg.

Gjendine blir aldri lei av å drøyme seg bort i Harry Potter-verda. Bokomslag: Cappelen Damm

Bilete eller ikkje bilete?

Når det gjeld korleis ei bok skal sjå ut, er Ola og Gjendine litt usamde i kva som er best.

Ola likar når bøkene har bilete, spesielt når det er faktabøker, så ein kan sjå kva ein les om. Gjendine føretrekkjer anten teikneseriar eller at det ikkje er bilde i det heile.

– Om det berre er eit bilde innimellom, rekk eg å førestille meg mine eigne ting i fantasien. Då kan bilete som plutseleg dukkar opp i boka øydeleggje litt av det eg har sett for meg, seier ho.

Femteklassingane er rett nok samde om at det er fint med litt tjukke bøker som varar lenge.

– Då veit eg at eg får lært mykje forskjellig, seier Ola.

Sjølv om Ola likar å lese fakta, kan han også finne på å lese spenningsbøker som krimbøkene i serien Detektivbyrå nr. 2. Bokomslag: Bonnier Norsk Forlag

Viktig å lese

Gjendine og Ola meiner det er viktig å lese.

– Om ein les faktabøker, kan ein lære mykje forskjellig og få kunnskap. Når ein les fantasibøker, kan ein få betre fantasi og kanskje bli meir kreativ, seier Ola.

Gjendine meiner at det er fint å lese no, for å vere rusta for framtida.

– Når ein øver på å lese, blir ein betre til både å lese og skrive. Ein treng å kunne lesa godt seinare i livet når ein for eksempel skal ta førarkort eller studere, seier Gjendine.