Når du blir skremd, trur hjernen at noko farleg kan vera i ferd med å skje. Då sender hjernen beskjed til kroppen om å gjera seg klar. Hjartet slår fortare, du pustar raskare og musklane blir klare til å springa eller forsvara seg.
Samtidig blir stoff som adrenalin sleppte ut i kroppen. Det gir deg ekstra energi og gjer at du reagerer raskare.
Når hjernen veit at du er trygg
Tenk deg at du ser ein skummel film eller går gjennom eit spøkelseshus. Kroppen reagerer nesten som om faren er ekte. Men ein annan del av hjernen veit at du eigentleg er trygg.
Derfor kan den skumle kjensla raskt bli til latter når spøkelset viser seg å vera ein ven med eit laken over hovudet. For mange er det nettopp denne blandinga av spenning og tryggleik som gjer det morosamt.
Ikkje alle likar det
Sjølv om mange liker å bli litt skremde, gjeld det ikkje alle. Nokre synest skrekkfilmar er spennande. Andre blir berre redde og får ikkje noko glede av det. Kor mykje skumle ting ein liker, er forskjellig frå person til person. Det finst ikkje noko rett eller gale.
Den 31. oktober feirar mange halloween. Nokon kler seg ut som monster, hekser eller vampyrar. Andre pyntar huset med spindelvev, graskar og spøkelse eller går på spøkelsesvandring.
For mange er det nettopp spenninga som gjer halloween ekstra gøy.
Frå frykt til latter
Har du lagt merke til at mange ler etter å ha blitt skremde?
Når hjernen oppdagar at alt gjekk bra, kan kroppen slappa av igjen. Då kjenner mange på lette – og den kjensla kan fort bli til latter.
Kjelder: NHI, Store norske leksikon
Likar du å bli skremd?
Likar du å bli skremd?





















