Nyleg oppdaga forskarar ein heilt ny type stjerne langt ute i verdsrommet. Den såkalla svart hol-stjerna er utruleg stor – like stor som heile solsystemet vårt, står det i ei pressemelding frå Massachusetts Institute of Technology (MIT).
I midten av stjerna gøymer det seg eit svart hol, og rundt det ligg ei enorm sky av gass. Svart hol-stjerna lyser 100 milliardar gonger sterkare enn ei vanleg stjerne.
Denne spesielle stjerna vart oppdaga av romteleskopet James Webb. Eit romteleskop er ein slags stor kikkert som flyt rundt i verdsrommet.
Forskarane ved MIT håpar at svart hol-stjernene kan hjelpe oss med å forstå korleis heile galaksar vert til.
Ei galakse er ei samling av stjerner, gass og støv i verdsrommet. Solsystemet vårt er ein del av galaksen Mjølkevegen.






















