Fakta: Michael Jackson
- Fødd: 1958 i USA.
- Døydde: 2009.
- Yrke: Songar, dansar og låtskrivar.
- Kjent for popmusikk og spesielle dansebevegelsar som «moonwalk».
- Var med i bandet The Jackson 5 saman med brørne sine då han var barn.
- Gav ut album som Thriller, Bad og Dangerous.
- Thriller er eitt av dei mest selde albuma i verda.
Kjelder: Wikipedia / Store norske leksikon.
I USA blei songane hans strøymde 137,5 millionar gonger på éi veke, skriv VG. Det er den høgaste strøyminga han nokon gong har hatt.
Michael Jackson døydde i 2009, men mange høyrer framleis på musikken hans. Han blir ofte kalla «kongen av pop». Songar som «Billie Jean», «Beat It» og «Thriller» er kjende over heile verda.
Premiere i april
No har interessa blitt mykje større igjen etter filmen Michael. Filmen handlar om livet hans frå han var barn og fram til slutten av 1980-talet. Filmen har aldersgrense 9 år.
Filmen hadde premiere i april og har allereie tent inn enorme summar på kino. Mange fans har også byrja å høyre på musikken hans igjen etter å ha sett filmen.
Ifølgje VG blei songen «Billie Jean» strøymd 9,4 millionar gonger på éi veke. Albumet «Thriller» har også kome tilbake på den amerikanske topplista Billboard 200.





















