Guten som blei verdas største stjerne

Michael Jackson berre 5 år, då han blei ei stor stjerne som etterkvart fekk tilnamnet Kongen av Rock.

Han og dei åtte syskena vaks opp med mora og ein streng far. Michael Jackson sa i eit TV-show i 1993 at faren var veldig streng og at dersom dei gjorde eitt feil dansesteg på scenen blei dei straffa med belte og andre verktøy. Ha sa også at dei ikkje fekk vere ute og leike med andre barn.

I dette vesle huset vaks Michael Jackson opp. (Foto: Wikipedia/CC BY 3.0/Ianmacm).

Berre fem år

Det var faren, Joseph Jackson som ville at barna skulle bli popstjerner noko dei absolutt blei. Jackson 5 bestod av Michael og fire sysken.

Michael var berre fem år då dei starta bandet.

Bandet skifta namn frå The Jackson 5 til The Jackson på grunn av nokre reittar til namnet.

Då Michael jackson blei vaksen fortalte han at kvar gong han såg barn leike, så følte han at han opplevde det han ikkje fekk oppleve i sin eigen barndom.

Her er Jackson 5 på eit TV-show i 1972. (wikipedia)

Kongen av pop

Michael Jackson starta solokarriera si på 70-talet. og det var etter dette han verkeleg blei ein stor artist.

Michael Jackson blei omtala som Kongen av pop, og har hatt ei enorm fanskare over heile verda.

Michael var afroamerikansk, men det ser ein kanskje ikkje ved fyrste augekast på bilete av han i vaksen alder. Michael Jackson hadde ein sjukdom som heiter Vitiligo, som gjorde at huda blei kvit. Om han har operert seg er det vel heller ingen tvil om.

Han bygde seg ein fornøyelsespark der han budde som fekk namnet Neverland.

US Pres. Michael Jackson møtte president Ronald Reagan i 1984. (Foto: Jack Kightlinger/White House/Time Life Pictures/Getty Images)

Fekk tre barn

Michael Jackson fekk tre barn. Paris, Prince Michael og Prince Michael II – Blanket. Då dei var små måtte dei bruke maske for å skjule ansiktet.

I 2009 skulle Michael Jakson ut på ein turné “This Is It!” – men før det heile kom i gang døde han.