Helene Uri er forfattar og språkvitar Ho opplever at barn og unge bruker mykje engelsk i kvardagen når dei pratar, noko ho ikkje tykkjer er rart i det heile. Språk endrar seg nemleg heile tida, sidan ein blir påverka omgivnadane sine. Ein blir påverka av alt frå sosiale medium og vener til film og musikk.
– At språk forandrar seg er ikkje eit nytt fenomen. Til dømes finst det mange skandinaviske ord i engelsk. Då vikingane reiste rundt i verda, var det vi nordmenn som påverka engelsk og ikkje motsett, fortel Helene.
Vidare meiner ho at det er kjempefint at norske barn blir så flinke i engelsk som dei ser ut til å bli.
– Det er eit verdsspråk som kjem til å halde fram med å vere viktig i framtida, seier Helene og held fram:
– Men det er veldig viktig at ein ikkje går rundt og tenkjer at «Dette kan eg ikkje seie på norsk for det finst ikkje noko norsk ord for det». Det er ei haldning som eg tykkjer er ganske alvorleg.

– Norsk er eit «superspråk»
Helene meiner at mange har ei haldning om at det engelske språket er mykje betre og rikare enn norsk.
– Dette stemmer ikkje. Sidan engelsk blir brukt over heile verda, vil det nødvendigvis vere fleire ord i engelsk, men det betyr ikkje at vi manglar ord på norsk, seier Helene.
Språkvitaren meiner at om ein berre sjekkar den norske ordboka vil ein finne nærast alle ord ein treng. Helene meiner nemleg at norsk er eit «superspråk». Det finst mellom seks og sju tusen språk i verda. Engelsk, spansk og kinesisk er eksempel på språk som er kjempestore.
– Då er det lett å tenke at norsk er eit lite språk i forhold, men det stemmer ikkje. Norsk er faktisk blant dei 150 største språka i heile verda.
Språkforskar ved Universitetet i Oslo, Bente Ailin Becker Svendsen, er samd med Helene i at norsk ofte feilaktig er oppfatta som fattig. Ho oppmodar difor barn og unge til å vere detektivar i eige språk.
– Leit etter ord som uttrykkjer det du vil seie på norsk, for det finst som oftast. Det finst til og med ord som skildrar ting som det engelske språket ikkje kan skildre.

Norske ord kan forsvinne
At barn og unge bruker engelske ord i staden for norske, kan føre til at norske ord forsvinn. Til dømes bruker barn og unge i dag ordet levlar framfor nivå når dei spelar dataspel.
Den hyppige engelskbruken kan også gjere at ein blir litt forvirra og seier frasar og uttrykk på norsk som eigentleg ikkje eksisterer. Til dømes kan ein høyre folk seie ikkje min kopp te. Dette er direkte omsett frå det engelske uttrykket not my cup of tea og det er ikkje eit faktisk uttrykk på norsk.
Språkforskar Bente peiker på at det er viktig å halde fram med å bruke norske ord og uttrykk rett, for å ta vare på språket.
– Norsk blir lært og brukt av alle barn Noreg. Det er nasjonalspråket vårt, det er ein del av vår kulturarv og det er viktig at det blir teke vare på og vidareutvikla.
Nasjonalspråk er eit bestemt felles språk i eit land. Kulturarv er det menneske har skapt og teke vare på frå tidlegare generasjonar.
– Bli knakande god i språk
Språkvitar Helene er samd i at det er viktig å fortsette og ta vare på og bruke det norske språket.
– Men om ein kan ha ei positiv haldning til sitt eige morsmål, sitt eige hjartespråk, og samstundes prate nesten like godt engelsk, så er det på mange måtar ein fordel, poengterer Helene avslutningsvis
Språkforskar Bente meiner også at den gode engelskkunnskapen til norske barn er positiv. Han gjer dei mellom anna meir rusta for å ta høgare utdanning. Ein må nemleg lese, og kanskje skrive, veldig mykje engelsk om ein skal gå på høgskule eller universitet.
– Bruk engelsk og norsk. Bli god i engelsk og bli god i norsk. Bli knakande god i språk for da kjem du langt, ler språkforskaren.






















