Det er ein laurdag i april og det er folksamt på Karlsrud skole i Oslo. Denne helga blir det nemleg arrangert loppemarknad av Karlsrud skoles musikkorps – eit av Noregs største korps med sine nesten 80 musikantar.
Skulebygga er fylt til randa av ulike loppar. Mellom anna er gymsalen nærast gjort om til ein klesbutikk, eitt av klasseromma er fylt med leiker og eit anna klasserom er stabla opp med bøker.
I bokavdelinga er det skulekorpsmusikantane Aksel Hanson (11), Ingeborg Nystedt Myhre (16) og Janek Lendowski (10) som passar på og tek betalt.
Gøy, koseleg og veldig bra for korpset
Dei tre har jobba på loppemarknaden sidan klokka 10 denne laurdagen og dei skal jobbe fram til stenging klokka 16. Dei skal også selje bøker heile søndagen. I tillegg var dei på skulen i fleire timar dagen før og tok imot loppar og sorterte dei.

Musikantane fortel at dei blir slitne, men at det er gøy og meiningsfylt å legge ned så mykje arbeid.
– Det som er så bra med loppemarknaden, er at vi møter mange hyggelege menneske som kjem og handlar. I tillegg blir vi i korpset godt kjent med kvarandre, fortel Ingeborg som har spelt trombone i korpset i ni år.
– Utan loppemarknadene ville korpset vore fattig. Alle pengane vi tener gjer at vi i korpset kan dra på turar og konsertar, legg Aksel til.
Han spelar trommer og har vore med i korpset i fire år.
– Loppemarknaden gjer også at vi kan reparere instrument som går sundt eller kjøpe nye dersom det trengst, seier Janek som har spelt saksofon i korpset tre år.
Det Karlsrud skoles musikkorps tener på loppemarknaden utgjer omtrent halvparten av budsjettet til skulekorpset. Det vil seie halvparten av pengane dei treng for å vere eit aktivt korps.
I fjor tente korpset over ein million kronar på dei to helgene med loppemarknad.
Gøye, billige og rare ring
Karlsrud skoles musikkorps arrangerer to loppemarknader i året – eitt på våren og eitt på hausten. Då leverer folk som bur i nærområdet inn ting dei ikkje har bruk for eller vil ha meir, så sel korpset desse tinga på loppemarknaden.
Dei brukte tinga blir då kalla lopper. Loppene kan vere alt frå store sofaer til små julekuler.
Og på Karlsrud skole denne laurdagen er det ikkje berre skulebygga som er fylt med lopper. Dei er også spreidd utover heile skulegarden. Koppar og tallerkenar er stabla oppå kvarandre på bord, møblar er stilt ut på rekke og rad og syklar er parkerte mellom skulebygga.
Medan lukta av sukkerspinn, popkorn og grillmat frå kafetelta freistar loppemarknadsgjestane, beveger barn og ungdom, vaksne og gamle seg mellom alle loppene.
Men det er ikkje berre dei besøkande som finn gøye ting på loppemarknaden. Også dei tre musikantane kan fortelje om nokre gode funn.
Janek tykkjer spesielt leikeavdelinga har mykje kult.
– Der kjøpte eg ein Harry Potter-tryllestav, fortel han.
Aksel har kjøpt seg ei bok, medan Ingeborg kan fortelje om broren sin som gjorde eit skikkeleg kupp.
– Bror min fann ein gamal trompet som framleis funka. Den fekk han kjøpt til ein veldig billig pris.
Men dei aller raraste loppene som blei levert i år, var truleg beinprotesar – plastbein som blir brukt av menneske som har operert bort eller mista beinet sitt.
Alle er med
Denne laurdagen er det til saman 150 som jobbar med å selje og sortere loppar. Sjølv om barna og ungdommane i korpset er viktige bidragsytarar under loppemarknaden, er også hjelp frå foreldre og frivillige heilt avgjerande.
Dei er ikkje berre med under sjølve loppemarknaden, men også i forkant og etterkant.
– Alle foreldre har vore med og henta loppar heime hos folk minst to kveldar i forkant av loppemarknaden, fortel hovudkorpsleiar Jostein Starrfelt.

For at ein skal kunne tene pengar på loppemarknaden er ein altså avhengig av alle som jobbar både før og etter loppemarknaden og at folk leverer og handlar lopper. Men Jostein kan også fortelje at ein er avhengig av noko som er svært vanskeleg å styre.
– Vi er heilt avhengige av godt vêr sidan vi ikkje har plass til alle loppene inne.
Denne vårdagen er det litt sol, men plutseleg kjem det nokre kraftige vindkast og litt hagl. Mange rømmer inn og ser på loppene der, før skyene sprekk opp igjen og folk på ny spreier seg rundt i skulegarden. Der held dei besøkande fram med å kike på og handle bruktskattar – og mogleggjer at Aksel, Ingeborg og Janek saman med dei andre musikantane har eit velfungerande korps å spele i.























