Fann kjempeskatt frå vikingtida

Nesten 3000 sølvmyntar frå vikingtida er funne på eit jorde på Rena i Østerdalen. Dette er det største myntfunnet frå denne tida i Noreg.

Myntane vart oppdaga av to personar med metalldetektor 10. april. Dei fann først nokre få myntar og varsla arkeologar. Etter kvart fann dei mange fleire.

– Dette er heilt utruleg. Eit once in a lifetime-funn, seier arkeolog May-Tove Smiseth til VG.

– Det plinga i detektorane overalt. Det var heilt vilt å høyra. Det var som å høyra eit pinball-spill, seier ho og held fram:

– No er me oppe i over 3000 sølvmyntar. Dei er i veldig fin stand. Me har enno ikkje teke opp alt.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ho fortel at dette er Norgeshistoriens desidert største funn av myntar frå vikingtida. Førre rekord var på 1849 sølvmyntar. Dei vart funne på Årstad ved Egersund i 1836.

Myntane er frå perioden mellom år 980 og 1040. Nokre av dei kjem frå land som England, Tyskland og Danmark, og fleire er laget under kjende kongar frå historia.

Arkeologane trur skatten kan ha vorte graven ned rundt år 1040–1050. Det er usikkert kvifor han vart gøymt der, men ein teori er at nokon kan ha vore på flukt og skjult pengane.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen synest alle i Noreg forteinar å opplever skatten.

– Dette er eit historisk funn. At det i tillegg er frå vikingtida, gjer det endå meir spektakulært. Dette hadde ikkje vore mogleg utan godt arbeid av Innlandet fylkeskommune, og særleg dei private metallsøkjarane. Dette funnet fortener heile Noreg å få oppleva, seier han.

Store myntskattar frå vikingtida er sjeldne i Noreg. Derfor meiner forskarane at dette funnet er svært viktig for å forstå historia vår.