Trump fekk fredsprismedalje i gåve

Torsdag kveld fortalde USAs president Donald Trump at han har fått Nobels fredsprismedalje i gåve.

Det var María Corina Machado, som vart tildelt Nobels fredspris, som gav medaljen til Trump då ho besøkte Det kvite huset, skriv NRK.

Trump kallar gåva «ein flott gest».

– Det var ei stor ære for meg å møta María Corina Machado frå Venezuela i dag. Ho er ei fantastisk kvinne som har vore gjennom så mykje. María overrekte meg sin Nobels fredspris for arbeidet eg har gjort. Ein så flott gest av gjensidig respekt. Takk, María!, skreiv Trump på det sosiale mediet sitt Truth Social.

Han beskriv Machado som ei sterk kvinne og seier det var ei stor ære å møta henne.

Fleire reagerer

Det er ingen tvil om at sjølve fredsprisen framleis tilhøyrer Machado, seier KrF-leiar Dag-Inge Ulstein til NRK.

– Det var ho som fekk prisen, og sjølv om Trump no har den fysiske prisen, er det ingen tvil om at ho vann, seier Ulstein.

Det er påtroppande Høgre-leiar Ine Eriksen Søreide samd i:

– Sjølv om Trump no har fått medaljen, betyr det ikkje at han har fått fredsprisen.

Sp-leiaren er også einig:

– Den som har fått prisen, har fått prisen, seier Trygve Slagsvold Vedum om at Machado gav fredsprisen til Trump.

 

View this post on Instagram

 

A post shared by The White House (@whitehouse)