LUKE 15: Har du høyrt om Jólakötturinn?

I luke 15 får du høyra meir om den islandske julekatten som et barn som ikkje har fått nye klede til jul.

På Island finst det ei gamal juleforteljing som handlar om ein enorm katt som luskar rundt i jula. Den heiter Jólakötturinn – og ifølgje segna et katten alle som ikkje har fått nye klede til jul!

Ifølgje segnet bur den svære, svoltne katten saman med trollet Grýla og dei 13 sønene hennar. Sønene blir kalla Jólasveinarnir. Kvar kveld dei siste 13 dagane før julaftan kjem ein av desse sveinane ned frå fjellet for å besøkja menneska. I dag er dei rampete og morosame, men i gamle dagar vart dei rekna som ganske skumle. Grýla sjølv var eit frykta troll som stal ulydige barn, og katten var kjæledyret til familien – men slett ikkje eit koseleg kjæledyr!

Jólakötturinn var nemleg kjent for å eta dei som ikkje hadde fått nye klede før jul. I eldre tider vart denne forteljinga brukt som ein måte å minna folk på at dei måtte jobba hardt før jul – spesielt med å laga ull og klede. Om du ikkje hjalp til, risikerte du å møta den svoltne katten i mørket.

Den første kjende versjonen av historia vart skriven ned på 1800-talet. Men Jólakötturinn vart verkeleg kjent då diktaren Jóhannes úr Kötlum skreiv diktet «Jólakötturinn»* i 1932. Etter det vart den frykta katten ein fast del av islandske juletradisjonar – både i forteljingar, pynt og songar.

I dag er ikkje Jólakötturinn like skummel som før. Mange barn på Island kjenner han som ein del av juleeventyra om Grýla og julesveinane – og historia blir ofte fortald med eit glimt i auget. Likevel er det mange som passar på å bruka eit nytt klesplagg i jula, berre for å vere på den sikre sida.

Kjelder: Wikipedia / Guide to Iceland