Rekordhelg for filmen Wicked: For Good


Den nye filmen Wicked: For Good har hatt ein knallstart på kinoane. Filmen har tent inn 226 millionar dollar i løpet av den første helga.

I USA og Canada tente «Wicked: For Good» heile 150 millionar dollar berre i helga. Til saman på verdsbasis vart det 226 millionar dollar, skriv NRK.

Filmen har hatt den tredje beste opningshelga for ein musikalfilm nokon gong i USA – berre «Løvenes konge» (2019) og «Skjønnheten og udyret» (2017) har tent meir.

Ifølgje filmselskapet Universal og byrået Comscore er «Wicked: For Good» den filmen som har hatt den beste opningshelga for ein musikal som kjem frå Broadway.

Det var NTB som fyrst omtala saka.