Trump sin kamp mot narkotika

Verdas største hangarskip er på plass i Karibia.

USA har sendt USS Gerald R. Ford til havet for å oppdage, overvake og stoppe kriminell aktivitet. Dette er ein del av handlingane til president Trump for å stoppe narkotika frå å kome inn i USA frå spesielt Venezuela og Colombia.

I dei siste vekene har USA skote ned båtar i regionen som er mistenkt for å smugle inn narkotia. Trump annonserte på sosiale medium at måla for åtaka er identifisert som smuglarar.

Det første åtaket skjedde 2. september. Elleve personar vart drepne. CNN melde at båten hadde snudd før den vart treft.

Siste kjende åtaket på båtar var 15. november. Dette var det 21. åtaket. 

83 personar er drepne i desse åtaka. Ingen soldatar frå USA har vorte skada.

Tren de Aragua

Forsvarsdepartementet i USA har ikkje lagt fram bevis på at måla i åtaka var kriminelle. Trump-administrasjonen meiner at dei ombord på båtane er medlemar av Tren de Aragua, ein kriminell organisasjon frå Venezuela.

Organisasjonen er stor og har medlemar i fleire land, som Colombia, Peru, Chile og USA. Fleire medlemar i organisasjonen er mistenkt og arrestert for kriminelle handlingar som smugling av narkotika, drap og menneskehandel.

I januar erklærte USA organisasjonen som ein terroristorganisasjon.