Den neststørste skjelpadda som finst har vore på raudlista over truga dyr i mange år. Ein av grunnane til dette, er at menneske har fanga skjelpaddene og egga for å ete dei.
Grunna kraftige tiltak for å redde skjelpadda frå utrydding, har arta vakse i tal, og er ikkje lenger i kritisk fare for å døy ut.
Nokre av tiltaka som vart gjort, var å ta ekstra omsyn til hokjønna skjelpadder og områda der dei la egga sine, så dei ikkje vart tatt av menneske som ville bruke dei i matlaging.
Arbeidet med å redde havskjelpadda har halde på sidan 1970 og talet på arta har auka med 28 prosent sidan det. Men ho er ikkje redda. Talet på grøne havskjelpadder er framleis lågt, og både skjelpadder og egg er truga av ulovleg handel.






















