Statsminister for ein dag: «Eg blei så sjokkert at eg nesten tissa i buksene»

Viss eg var statsminister for ein dag, ville eg vakna om morgonen og gått ein tur i min 200 meter lange hage for å drikke min 200 kroners kaffi for å nyte livet litt.

Denne teksten og fleire andre tekstar kjem frå 7. klasse ved Søvik skule som vann skrivekonkurransen til Framtida Junior: Statsminister for ein dag.

Og så gjekk eg inn for å gjere litt arbeid. Eg ville jobba på ein karusell utanfor huset mitt. Når det var gjort, ville eg ikkje ha skule. Eg bestemte at alle barn kunne ha fri frå skulen, og alle elska meg.

Og etter det måtte eg ete litt mat. Eg bad min private kokk om å lage det beste måltidet i heile verda til meg.

Då eg sette meg ned for å ete det beste måltidet i heile verda, tenkte eg for meg sjølv kvifor mat er så dyrt. Eg gjekk til butikken for å sjå kor dyr mat er, og då eg såg kor mykje jordbær kosta, blei eg lamslått. Eg blei så sjokkert at eg nesten tissa i buksene. Eg kjøpte nokre jordbær og drog heim for å fikse prisane på maten i butikken. Eg fekk prisen ned frå 60 kroner til 20 kroner. Eg var så stolt.

Men eg følte at eg måtte gjere meir, så eg dro til adopsjonssenteret for hundar for å finne ein hund eg kunne ta med heim. Då eg kom dit, såg eg ein søt liten Chihuahua som heitte Luna. Eg tok henne med heim for å ta vare på ho. Eg elska henne så masse. Ho var så søt at eg ikkje eingong kunne sjå ho i augene utan å grine fordi ho var så søt. Etter at eg gav henne litt god mat og leika med henne ei stund, blei ho sliten, så ho sovna.

Klokka var åtte, og det var snart tid for å sove eg pusse tennene og sove. Og det var dagen eg skulle hatt.