Queen Petrine: Leselyst

Queen Petrine er ein serie skrive for Framtida Junior av Tonje Noréa Gauden og illustrert av Karina Junker Larsen. Dette er del 4.

– Leselyst? Både på skulen og heime? Ha-llo Balo! Det er jo ikkje koseleg! seier eg.

– Hallo sjølv, ligg ikkje du vaken og les halve natta? seier Abdi.   

– Nettopp! seier eg. – Leselyst er 100 % idiotisk, spør du meg.

Eg granskar klasserommet vårt med stor skepsis. Det må ha tørna for Ågot og lærarane. Det er bøker overalt! På veggar, hyller, vindaugskarmar og pultar. Det går ikkje an å setja seg på ein stol utan å flytta på bøker, og golvet er dekt av puter og teppe.

– Trur du det er bøker på do òg? spør Abdi og grip ei bok frå toppen av akvariet. «Mamma på dass» står det frampå. Han kastar boka frå seg, som om han har teke i varm hundebæsj.

– Æsj, seier Abdi. – Kven vil lesa om ei mor som går på do?

– Eg syns dette er digg, eg, seier Simon og dumpar ned i ein sacco-sekk ved dataskapet. Han har solbriller på, legg boka «Ei kjedeleg bok» over hovudet og lèt som han søv. Ikkje rart, med den tittelen.

– Sånn eg òg vil ha det. Mørkt og koseleg, seier eg og prøver å finne ei anna bok til å sova under. – Har du lese «Historia om då Erling Braut Beinet», Abdi? Du som vil bli lege?

Abdi ler og slår seg i panna. Eg skannar bøkene framme ved tavla. UFO-gjengen, Familien Gnork, Full Bajas … 

– Åh! bryt eg ut. – Ingen av bøkene ser kjedelege ut, jo!

– Sjekk her, seier Abdi og gjer eit slags rocketeikn med fingrane. – Jenny Fender. Lik gitar som deg, Queen Petrine!

– Den var eigentleg mamma sin, seier eg og snappar boka. Den ser kjempekul ut. Eg får lyst til å tørka støv av den turkise gitaren til mamma med ein gong. Og klippa skrå pannelugg.

– Eg berre skjønar ikkje kva desse bøkene har med leselyst å gjere? sukkar eg, og høyrest brått tristare ut enn eg meiner.

Ågot-lærar har lista seg inn bak meg. 

– Det er ikkje så viktig å forstå alt, seier ho og rufsar sveisen min. – Det viktigaste er å lesa maaange bøker. Helst kjekke, men bok er bok. Fyll inn i søylediagrammet her når du har lese ferdig. Tenk om me les heilt til månen!

– Men kvifor må me ha det så lyst heile tida? seier eg. 

– Ta denne, seier Ågot og rekker meg ei tjukk bok; Song for Eirabu: Vargtid.

– Den er faktisk knusgod, fortset ho. – Litt mørk òg, om det er det du er ute etter. Eller … nawh! Denne! Ho finn ei bok med ein hund som skatar. – Hundane mine elskar når eg les serien om den intelligente skatehunden. Voff voff! seier dei og slevar søtt. Ågot tørkar slim av boka. – Og voff betyr meir bok, legg ho til.

– Eg kjem aldri til å klara dette prosjektet viss me må ha det lyst når me les, seier eg. – Kjem de seriliøst og sjekkar om me har det heime òg?

Illustrasjon: Karina Junker Larsen

Eg ser for meg lesehola mi, under dyna. Det finaste eg har heime, er lesemørket mitt. Eg har perfeksjonert teknikken for å få inn luft, og samtidig vera gøymt. Pappa anar ikkje kor mykje eg les om natta. Ikkje Hennie-syster mi heller. Før eg sovnar gøymer eg lykta og boka i ei hemmeleg luke i golvet.

Lesemørket er den einaste plassen eg har lov til å tenka på mamma. Sånn skikkeleg. Der gjer det ikkje noko om tårene trillar. Eg har ei heil dyne til å tørka med. Når eg les, er det mamma si lesestemme eg høyrer inni meg. Mamma elska å lesa i mørke. Eg trur ho gjer det enno. Ho bur jo sannsynlegvis oppe på stjernehimmelen ein stad.

Illustrasjon: Karina Junker Larsen

Abdi held ei bok framfor ansiktet sitt. Kva tenker du på? står det på framsida.

– At eg, Queen Petrine, likar lesemørke best! seier eg, slår av lyset og spurtar bort og dreg for gardinene. Eg hiv eit teppe over pulten min, stuper under med tenker-på-boka og ropar:

– No er eg klar for prosjektet, Ågot! Leselyst kan du ha det sjølv!