«Alligator Alcatraz» – Trump sitt nye fengsel

På ei gamal flystripe i Florida har Trump bestemt at ein interneringsleir skal setjast opp.

Interneringsleiren som blir kalla «Alligator Alcatraz» skal kunne huse rundt 5000 immigrantar på same tid.

Ein interneringsleir er eit fengsel der ulovlege immigrantar vert haldne utan at dei er dømde for noko kriminelt. Ein ulovleg immigrant er ein person som har kome til eit land og busett seg der, utan å ha dei rette papira i orden.

Trump drog for å besøke leiren på tysdag.

Midt i ein sump

Grunnen til at interneringsleiren vert sett opp her, er fordi området er omringa av ein sump. I denne sumpen bur det massevis av alligatorar og pytonslangar.

Regjeringsadvokat i Florida, James Utheimer, er ikkje bekymra for at dei ulovlege immigrantane skal rømme, fordi det ikkje er «mykje anna enn alligatorar og pytonslangar som ventar dei».

Grunna dei mange alligatorane i sumpen, har dei brukt «alligator» i kallenamnet til den nye interneringsleiren.

Homeland Security har til og med gått så langt som å poste eit KI-generert bilete av alligatorar med caps.

KI-GENERERT: Homeland Security (statleg departement som passar på nasjonal tryggleik) i USA la ut dette biletet på X. Det viser alligatorar med caps frå ICE – immigrasjonspolitiet i USA. ICE står for Immigration and Customs Enforcement. Dei har som oppgåve å passe på at alle som flyttar til USA har søkt om tillating og har lov til å bli buande. Foto: X / Homeland Security

Vil gjenopne gamalt fengsel

Bruken av namnet «Alcatraz» kjem frå ei øy i San Francisco. Øya vart brukt som fengsel for nokre av dei mest berømte kriminelle i USA for over 60 år sidan.

No er øya open for turistbesøk.

Trump har snakka om at han vil gjenopne Alcatraz som fengsel og bruke det til same formål som tidlegare; dei verste kriminelle i USA.

Protestar

Fleire protesterar mot det Utheimer kallar ein mellombels interneringsleir. Dette er mellom anna på grunn av dyra og menneska som lever i reservatet rundt leiren.

Gruppa «Friends of the Everglades» (venar av Everglades) skreiv eit ope brev til James Utheimer og guvernøren i Flordia, Ron DeSantis. I brevet oppmodar gruppa til å la området vere, og seier at det er «eit av USA sine mest sårbare og ikoniske økosystem».

Miljøet er ikkje det einaste som vekkjer oppsikt. Også behandlinga av menneske blir snakka om. Politikkanalytikar Thomas Kennedy seier til CNN at å huse fleire tusen i telt midt på sumaren i Florida må stoppast. Både varme og ekstremvêr er store problem i dette området.

– Det er ingenting ved denne interneringsleiren som ikkje er vondskapsfullt og umenneskeleg, seier Kennedy.