Kva skjer mellom Iran og Israel – og treng me å vera redde for ein ny verdskrig?

Israel og Iran har vore i konflikt i lang tid, og i år har det vore fleire alvorlege angrep. Nokre vaksne har begynt å lure på om dette kan føre til ein storkrig eller ein verdskrig, men professor og spesialpedagog Jon Håkon Schultz seier at barn i Noreg kan kjenne seg trygge.

I år har det vore fleire angrep mellom Iran og Israel. Iran har sendt rakettar og dronar mot Israel, som har svart igjen med militære angrep. Israel og Iran har lenge vore fiendar.

Nyleg angreip Israel fleire mål i Iran. Dei angreip mellom anna kjernekraftanlegg, og ifølgje israelske kjelder har dei treft både militære leiarar og atomforskarar. Israel seier at Iran hadde planar om eit stort angrep på Israel, og at Iran er i ferd med å utvikla atomvåpen. Iran seier at atomprogrammet deira berre har fredelege formål, som energiproduksjon.

Saka held fram under bildet.

TILFLUKT: Israelarar søkjer ly i eit parkeringshus under ein missilalarm frå Iran, i Tel Aviv, Israel. Foto: AP Photo / Baz Ratner

Nokon har byrja å frykta at dette kan bli starten på ein tredje verdskrig. Ein verdskrig betyr at mange land over heile verda blir med i krigen.

Kva seier eksperten?

Professor og spesialpedagog Jon Håkon Schultz er ein ekspert på korleis barn tenkjer og føler. Han jobbar med å trygge barn når noko skummelt skjer. Han seier til Framtida Junior at det er heilt vanleg å bli redd når ein ser mykje skremmande i nyheitene, på TV, TikTok og andre stader.

– Det er veldig lett å bli redd når ein eigentleg ikkje treng å vera redd. Det du ser, høyrer i nyheitene eller vaksne snakkar om, kan verka veldig skummelt. Men det betyr ikkje at det er farleg der du er, seier han.

Professor og spesialpedagog Jon Håkon Schultz. Foto: Privat / Scanpix

Han forklarar at me kjenner det som at det skjer nært, sjølv om det skjer langt unna.

– Det skjer langt unna, men det følast nært fordi alle snakkar om det, og det er på nyheitene heile tida, fortel han.

– DET ER TRYGT HER. DU ER TRYGG, SEIER JON HÅKON SCHULTZ

Han seier òg at barn ikkje skal bera ansvaret for verda sine problem:

– Du treng ikkje vera redd, du treng ikkje tenkja på det – det er vi vaksne som skal ta ansvar for det.

– Eg er ikkje redd

Og om eit barn spør: Kjem det til å bli verdskrig?, meiner han vaksne skal svare ærleg:

– Vi skal ikkje lyga for barn. Så på det spørsmålet vil eg svare at eg personleg ikkje er redd for at det skal bli verdskrig. Det er nokon vaksne som snakkar om det, men eg trur ikkje det kjem til å skje. Og viss det skulle skje noko viktig, skal eg fortelja deg det. Inntil då, kan du slappe av, seier han.

Mange barn i Noreg kjenner på uro fordi de har familie i land der det er konflikt.

– Barn som har familie i eit land som er i krig eller konflikt, blir naturlegvis meir urolege. Då er det viktig å snakka med ein vaksen. I tillegg er det mange barn og foreldre som har kome til Noreg frå krigsområde. Dei kan oppleva å bli veldig bekymra no, fordi situasjonen minner dei om krigen dei har opplevd før, fortel Schultz.

Barna får hjelp

Han minner om at det me ser i nyheitene ikkje viser alt som skjer.

– Det er viktig å hugse på at dei som bur i Israel og i Iran får hjelp. I Israel har dei gode tilfluktsrom, og dei blir varsla når fare kjem. Dei har gode legar som passar på dei. I Iran passar dei også på kvarandre, dei hjelper kvarandre og får beskjed om kor det er trygt å vera. Dei vaksne passar godt på barna, seier han.

– Det vi ser på nyheitene, er ofte berre dei stadene som er skumle og farlege. Men vi må hugse at Iran er eit stort land, og det er mange stader det er trygt å vera. Israel er eit mindre land, men også der er det mange trygge stader, og dei har gode tilfluktsrom, legg spesialpedagogen til.

Kva kan du gjera om du blir redd?


  • Snakk med ein vaksen – foreldre, lærar eller søsken kan lytta og forklara.
  • Ta pause frå nyheiter. Det hjelper å gjera noko hyggjeleg – lesa, leika, teikna, vera med venner.
  • Hugs at Noreg er eit trygt og demokratisk land, og at det finst gode samarbeid mellom land som jobbar for fred.
  • 
Tenk på at mange land, som Noreg, EU og FN, gjer sitt beste for å unngå krig.
  • Tenk på at nasjonane har gode planar for å verna seg – som våpensamarbeid i NATO.